Bygda som brått blei ein by

Apropos Rjukan og Notoddens verdensarvsøknad: Kan norsk industristadarkitektur frå byrjinga av 1900-talet gi gode impulsar for byggeskikk og planlegging også i dag?

Av Trond Lepperød

Kanskje drøymer alle arkitektar og bygningsingeniørar om å få byggje ein by heilt frå grunnen av – langt frå etablerte byar og på jomfrueleg mark. Nokre av datidas fremste arkitektar fekk prøve seg på denne utfordringa da industrireisinga skaut fart i Noreg på byrjinga av 1900-talet og nye tettstader veks opp nær fossekrafta. Der det før hadde vore nokre få gardsbruk, kom det nye småbyar med kraftstasjon og fabrikk som livsnerver. Rjukan i Tinn kommune i Telemark, Tyssedal i Odda kommune i Hordaland og seinare Høyanger i Sogn og Fjordane er døme på slike industristader som veks opp frå ingenting og der behovet for bustader og infrastruktur måtte løysast raskt.

 – Her er mange døme på god stadutforming på desse industristadene som blei planlagt frå grunnen av. Det kan vi lære noko av, seier Siri Skjold Lexau.

ARBEIDERBUSTADER: Sing Sing er eit tidleg døme på ein bustadtype som vi nokre år seinare finn mange av i Oslo, til dømes på Torshov. Dei opprinneleg to bygårdskompleksa lå på kvar sin side av hovudgata. Byggematerialet var her "hulbetonsten", datidas Leca-blokker, og  slik danna Sing Sing også ein brannmur i bydelen Ingolfsland. (Foto: Trond Lepperød, Maana forlag)


Arkitekturhistorikaren er ekspert på byggeskikk frå 1900-talet. Ho er medforfattar til "Norsk arkitekturhistorie" frå Samlaget, der den norske industristadarkitekturen er via god plass. Her syner ho kva for idear og inspirasjon som lå til grunn då desse industristadene blei planlagt og teikna. Dei nye industristadene fekk ei veldig lik oppbygging. Impulsar frå utlandet påverka stilutviklinga og den sosiale infrastrukturen. Dei store industriselskapa knytte til seg eigne arkitektar, noko som hjelpte til med å gi kontinuitet og heilskap over utbygginga.

   
VILLAVEIEN: Industrigründer Sam Eyde og Norsk Hydro sytte for bustader til arbeidarar og funksjonærar da dei starta industriverksemd i Telemark. I Villaveien på Rjukan var det sol og utsikt mot fjellet og fabrikken. (Foto: Trond Lepperød, Maana forlag)

Eit døme på inspirasjon frå utlandet, som fekk stor gjennomslagskraft her heime, var den engelske ideen om hagebyen, lansert av Sir Ebenezer Howard og utvikla vidare av Raymond Unwin. Unwin hevda at omsorgsfull utforming av einskildbygningar ikkje hadde stor verdi dersom dei ikkje var innarbeidde i ein utvida, planmessig samanheng. Den opprinnelege tanken bak hagebyen var ein moderne og uavhengig småby med maksimalt 32.000 innbyggjarar. Dei skulle syte for seg sjølv med jordbruk og dyrehald.

I Telemark starta industriselskapet Norsk Hydro si utbygging på Notodden før dei i langt større målestokk tok fatt på utbygginga på Rjukan. Hagebyane finn du begge stader. Det første nybygde arbeidarstroket på Notodden, Grønnebyen, stod ferdig i 1907, same året som anlegga der stod ferdig. Det var 22 vertikaltdelte tomannsbustader med eigen hage. Arkitekt var Helge E. Blix. For industriselskapet handla det om å lokke til seg og halde på arbeidskrafta. Industrigründaren Sam Eyde var sjølv bygningsingeniør med utdanning frå Tyskland og prega av dei nye ideane ute i verda.

I Tyssedal og Odda ved Sørfjorden i Hardanger veks eit anna industrisamfunn fram på 1900-talet med kraft frå Tyssefallene. Sam Eyde hadde ein finger med i spelet også her og sikra seg tidleg rettane til fossekrafta. I 1906 starta utbygginga av kraftstasjonen. Etterkvart kom fabrikkane. Da Det Norske Nitridaktieselskab etablerte seg i Tyssedal i 1916 kom hagebyen Tveitahaugen. Husa er teikna av arkitekten som seinare sto bak utforminga av Ullevål hageby i Oslo, Oscar Hoff.

 Tyssedal hydroelectric power station  
KRAFT: Tyssedal kraftstasjon ved Sørfjorden i Hardanger. (Foto: Statkraft)

Høyanger er nok eit døme på ein ny by i ei lita bygd. I 1910 budde det 120 personar i denn då veglause bygda. Det meste endra seg da kraftselskap og aluminiumsindustri gjorde sitt inntog i 1917. I konsesjonsvilkåra heitte det at verket skulle syte for bustader, vegar, sjukehus og anna infrastruktur. Arkitektkontoret Morgenstierne & Eide utarbeidde planar for ein mønsterby. Høyanger skulle vere den rake motsetninga til triste industristader frå industriens barndom. Difor blei Høyanger planlagd som ein lys og romsleg hageby med opne allear, torg og fonteneprydde parkar. I det norske kulturlandskapet står dei planlagte industristadene i kontrast til den meir tilfeldige bygdebyen, som har utvikla seg attmed ein hovudveg og rundt eit handelssenter og der arkitektoniske og planmessige idear ofte kan synast å mangle heilt.

Arkitekturhistorikaren Siri Skjold Lexau peikar på at stader som Rjukan, Tyssedal og Høyanger oppsto i si tid og under heilt spesielle tilhøve. Vi vil neppe sjå slik stadutvikling igjen. Men her er idear og plangrep verdt å ta vare på, meiner ho.

– Vi kan lære av skalaer, forholdet mellom bygningane og arealet dei brukar, dei strenge og klare reglane for den arkitektoniske utforminga, god plass til grøntareal og vegetasjon samt ein gjennomenkt fargebruk og plassering av bustader i terrenget, seier ho.

FLID I DETALJANE: Arkitektar og byplanleggjarar gjorde seg flid med detaljane då industribyen Rjukan blei skapt. Det samme skjer nå når Rjukan tek vare på kulturarven. (Foto: Bjørn Iversen)

Ho peikar vidare på funksjonsblandinga som pregar mykje av industristadarkitekturen med god balanse mellom bustader og arbeidsplassar og rikeleg med opne, grøne område.

– Eg trur vi i større grad bør hente funksjonsblandinga som planleggingsmetode opp frå skrivebordsskuffen. Det er til dømes ingen god ide å tømme bygdesenter for aktivitet gjennom å plassere kjøpesenteret utanfor sentrum. Om vi samlar fleire av funksjonane på ein stad, vil det føre til meir lokaltrafikk, men og til økt aktivitet og høve til å gå og sykle i staden for å køyre bil, seier Siri Skjold Lexau.
Onsdag 24. april klokka 19 inviterer Riksantikvaren til folkemøte på Folkets Hus på Rjukan i anledning verdensarvsøknaden som skal sendes til UNESCOs verdensarvkomite i Paris. I sakens anledning har jeg hentet fram denne artikkelen, som her gjengis i en lettere omarbeidet versjon. Den sto på trykk i Nationen 13. oktober 2003.
Mer om arkitektur:

Funkis som fenger - i Oslo og på Rjukan

Thorvald Astrups glemte tegninger av hydrogenfabrikken på Vemork

Høyblokka på kanten av stupet

Trafokiosk blir som den var  

Lykter fra en svunnen tid tennes igjen


Kommentarer

Populære innlegg

UNESCOs sekretariat innstiller på verdensarv for Rjukan og Notodden

Sol og blide fjes på jubileumscruise

Alt om verdensarvsøknaden